Velkomen til Aurland Kabel-TV
Aurland Kabel-TV (AKTV) er eit kabelnettselskap som formidlar tv-signal i Aurland. AKTV er eit sjølveigd selskap eigd av abonnentane. Selskapet vart skipa i 1988 og har i dag om lag 300 abonnentar. I tillegg er det 77 som har breiband via nettet. Primærområdet vårt er Aurland sentrum, Klokkargarden, Kvam, Høydalen, Åtnes og opp dalen til og med Loven. Selskapet leverer pr. i dag ikkje til dei andre bygdene i kommunen.
Våre samarbeidspartnar på TV er Canal Digital (TV). AKTV formidlar deira grunnpakke som analoge signal, dette utgjer i dag 16 kanalar. Det er også mogleg å motta digitale signal dersom ein har dekoder for dette, og ein vil då få tilgang til ytterlegare 25 kanalar og 14 HD-kanalar. Dekoder for digitale signal får ein kjøpt ved å ta kontakt med Canal Digital på telefon nr. 06090 eller sjekk på www.canaldigital.no. Ved årsskiftet var det i overkant av 60 abonnentar som hadde tilleggspakke med digitale signal.
På breibandssida samarbeidar me med Sognenett som held til i Sogndal. AKTV formidlar breiband via kabelnettet unntatt våre abonnentar på Dalen og Loven. I tillegg til Aurland, leverer dei breiband til Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster og Lærdal. For meir informasjon eller tinging sjå www.sognenett.no.
Aurland Kabel-TV vert leia av eit styre på 5 personar. Øvste styringsorgan i selskapet er årsmøtet.
