Driftsmeldingar

Årdalsnett overtar Aurland Kabel TV

11. desember 2017  |  Driftsmeldingar, Nyhende

Årdalsnett overtar Aurland KabelTV

Aurland Kabel TV (AKTV) blei etablert i 1988 og har levert TV signal på dugnadsbasis til abonnentar i Aurland.
TV signal blir levert frå Canal Digital (CD) til ein sentral i Aurland og distribuert ut derifrå.
I sommar informerte CD AKTV om at leveransen ville stoppe 1. januar 2018 , bl.a. på grunn av utdatert materiell som ikkje lenger kan estattes og vedlikehaldast.
AKTV måtte derfor sjå seg om etter nye løysingar for at ikkje TV skjermane i Aurland skulle bli svarte 1. nyårsdag.
CD tilbaud nye løysingar, men desse viste seg å vere for dyre og ikkje teknisk gjennomførbare.
AKTV henvende seg så til Årdalsnett (ÅN) i haust. Sidan då har det vore jobba intenst med å finne løysingar.
Det er jobba fram ei løysing som inneber at TV signal blir sendt frå Årdal til Aurland med fiber, og distribuert i det eksisterande nettet der.
Fordelen med denne løysinga er at kundane i Aurland slepp å skifte dekoderar og anna utstyr. Dei vil behalde dei same TV pakkene, men få eit oppgradert tilbod med fleire TV tenester inkludert i abonnementet.
Styret i AKTV har gått for denne løysinga, og torsdag 23. november blei denne presentert på eit ekstraordinert årsmøte for kundane i AKTV.
Ca 60 møtte fram. Styreleiar i AKTV, Frode Bekkestad , og dagleg leisr i Årdalsnett, Odd Øren, presenterte avtalar og løysinga. Årsmøtet godkjende dette einstemmig:
• AKTV overdreg til Årdalsnett AS all kabel-tv aktivitet med alt tilhøyrande aktiva, utstyr og rettar på dei vilkår som følgjer i forslag til Intensjonsavtavtale og Kjøpsavtale mellom partene
• Alt teknisk utstyr knytt til kabel-tv og leveranse av kabel-tv tenester
• All infrastruktur i ikkje avgrensa til koakskablar,fiberkablar,trekkrøyr,kummar, fordelings/forsterkarskap med innhald
• TV-»bu» og alt utstyr i denne
• Alle kundeavtaler – kundemasse som pt er registrert som betalende og påmelde abonnenter i en overgang til ÅN
• Alt av bruksrettar i fast eigedom som er naudsynt for framføring av infrastruktur i forhold til leveranse av produkt.
• Det ekstraordinære årsmøtet gjev styret i AKTV fullmakt til å
• Framforhandle og signere ein kjøpsavtale med Årdalsnett AS kva angår
• Overtaking
• Kjøpesum og betaling av kjøpesum
• Vilkår
• AKTV sine garantier
• ÅN sine garantier
• Konkurranseforbud
Teknisk personell i ÅN og AKTV jobbar no på spreng for å få denne løysinga på plass i god tid før nyttårshelga.

26.03.2017 Driftsproblem på nettet/ Canal Digital.

26. mars 2017  |  Driftsmeldingar

Nette er ute i dag 26.03-17 på grunn av feil hjå Canal Digital.

Aurland  kabel tv har kontakta Canal Digital. Feilen vil bli retta hjå dei.

Den 18.september 2017 slukkes de analoge TV signalene.

9. mars 2017  |  Driftsmeldingar

Den 18.september 2017 slukkes de analoge TV signalene.Etter dette vil alle TV apparater uten ein digital TV løsning få svarte skjermer.

Canaldigital har kampanjetilbod på digitalebokser.

For meir info ta kontakt med  driftskoordinator Kåre Jan  tlf  48061112.

Eller Canal digital tlf   06090