Nyhende

Årdalsnett overtar Aurland Kabel TV

11. desember 2017  |  Driftsmeldingar, Nyhende

Årdalsnett overtar Aurland KabelTV

Aurland Kabel TV (AKTV) blei etablert i 1988 og har levert TV signal på dugnadsbasis til abonnentar i Aurland.
TV signal blir levert frå Canal Digital (CD) til ein sentral i Aurland og distribuert ut derifrå.
I sommar informerte CD AKTV om at leveransen ville stoppe 1. januar 2018 , bl.a. på grunn av utdatert materiell som ikkje lenger kan estattes og vedlikehaldast.
AKTV måtte derfor sjå seg om etter nye løysingar for at ikkje TV skjermane i Aurland skulle bli svarte 1. nyårsdag.
CD tilbaud nye løysingar, men desse viste seg å vere for dyre og ikkje teknisk gjennomførbare.
AKTV henvende seg så til Årdalsnett (ÅN) i haust. Sidan då har det vore jobba intenst med å finne løysingar.
Det er jobba fram ei løysing som inneber at TV signal blir sendt frå Årdal til Aurland med fiber, og distribuert i det eksisterande nettet der.
Fordelen med denne løysinga er at kundane i Aurland slepp å skifte dekoderar og anna utstyr. Dei vil behalde dei same TV pakkene, men få eit oppgradert tilbod med fleire TV tenester inkludert i abonnementet.
Styret i AKTV har gått for denne løysinga, og torsdag 23. november blei denne presentert på eit ekstraordinert årsmøte for kundane i AKTV.
Ca 60 møtte fram. Styreleiar i AKTV, Frode Bekkestad , og dagleg leisr i Årdalsnett, Odd Øren, presenterte avtalar og løysinga. Årsmøtet godkjende dette einstemmig:
• AKTV overdreg til Årdalsnett AS all kabel-tv aktivitet med alt tilhøyrande aktiva, utstyr og rettar på dei vilkår som følgjer i forslag til Intensjonsavtavtale og Kjøpsavtale mellom partene
• Alt teknisk utstyr knytt til kabel-tv og leveranse av kabel-tv tenester
• All infrastruktur i ikkje avgrensa til koakskablar,fiberkablar,trekkrøyr,kummar, fordelings/forsterkarskap med innhald
• TV-»bu» og alt utstyr i denne
• Alle kundeavtaler – kundemasse som pt er registrert som betalende og påmelde abonnenter i en overgang til ÅN
• Alt av bruksrettar i fast eigedom som er naudsynt for framføring av infrastruktur i forhold til leveranse av produkt.
• Det ekstraordinære årsmøtet gjev styret i AKTV fullmakt til å
• Framforhandle og signere ein kjøpsavtale med Årdalsnett AS kva angår
• Overtaking
• Kjøpesum og betaling av kjøpesum
• Vilkår
• AKTV sine garantier
• ÅN sine garantier
• Konkurranseforbud
Teknisk personell i ÅN og AKTV jobbar no på spreng for å få denne løysinga på plass i god tid før nyttårshelga.

Ekstraordinært Årsmøte / Generalforsamling 23.11.2017 Kl 19.00

13. november 2017  |  Nyhende

Det vert kalla inn til ekstraordinær generalforsamling  Torsdag  23 November 2017-kl 19.00

på Aurland Fjordhotell.

Vegen vidare for AKTV

02.10.2017 Driftsproblem på nettet.

2. oktober 2017  |  Nyhende

Nette er ustabilt i området Høydalen/Klokkardgarden idag 02.10.2017. p.g.a. nettfal.

Dette skal etter planen rettast i morgon 03.10.2017

Spørsmå kan rettast til tlf 95172509

 

Års reknskap 2016

27. mars 2017  |  Nyhende

Årsberetning 2016

27. mars 2017  |  Nyhende

Årsberetning 2016

Sak til Årsmøte 20.04.2017

27. mars 2017  |  Nyhende

Sak til Årsmøte 20.4.2017 – Auke i abonnementsavgift

Innkalling til Årsmøte i AKTV 2017

27. mars 2017  |  Nyhende

Innkalling til årsmøte i AKTV 2017

Driftsavtale med 2tal elektro.

27. august 2015  |  Nyhende

Aurland KabelTV har inngått avtale med 2tal elektro AS i Lærdal som no utfører drift, service og vedlikehald. Henvendingar går som før direkte til vår vakt-telefon 48147101 der Gjermund Fimreite vil koordinere mobilisering .
Vi vil presisere at problem med TV inne i huset som ikkje er relatert til AKTV sitt ansvar med å levere TV-signal, vil bli fakturert av 2tal elektro AS direkte til den enkelte abonnent.

Årsmøtereferat for Aurland Kabel-TV 2015

4. mai 2015  |  Nyhende

årsmøtereferat 2015

Forbetra tilbod frå Sognenett

14. juni 2012  |  Nyhende

Sognenett som er vår samarbeidspart på breibandsida, har no gjort vedtak om kjøp
av ny sentral /CMTS. Dette vil medføre fleire fordeler for dei som har breiband  via
AKTV sitt nett, mellom anna enklare feilretting, større stabilitet og auka hastigheit.
I første omgang vil det truleg vere tale om linje på 10/3 Mbps, men det vil vere mogleg med
større hastigheiter om dette er ynskjeleg frå kundane.
Ny sentral vil truleg vere på plass i løpet av august / september.