• NYETABLERING:
    • Nyetablering kan kun skje innafor det område i kommunen som AKTV til ei kvar tid har etablert eit hovudnett. AKTV sitt hovudnett kan delast inn i 4 hovudområde:
      • Sentral  Vinjane – Klokkargarden – Kvam
      • Sentral  Vinjane – Ytstebøen – Høydalen – Fiskhammar
      • Sentral  Vinjane – Aurlandsvangen – Klippen – Åtnes
      • Sentral  Vinjane – Hopen – Dalen – Loven
    • Etablering omfattar framføring av nedgraven kabel i trekkerøyr eller som luftspenn frå næraste fordelings-/forsterkarskåp og fram til første hovudkontakt i bolig til abonnent. Kostnadar med graving over eigen eigedom må berast av abonnent. Denne etablering dannar grunnlag for etableringsgebyr.
    • Kostnadar med etablering av ekstra tilkoblingspunkt utover hovedtilkoblingspunkt vert fakturert  abonnent etter medgått tid og materiell etter til ei kvar tid gjeldande prisar.
    • Det vert elles vist til ”Salgs- og leveringsvilkår” og spesielt punkt 6 og 8 som omtalar desse forholda.
  • SERVICE:
    • Service av nett føregår kontinuerleg og kan t.d. vere fylgjande aktivitetar:
      • Kontroll av anlegg iht. krav frå Post- og Teletilsynet
      • Oppgradering av komponentar i sentral
      • Endring av frekvensar etter krav frå leverandør av tv kanalar
      • Kontroll / justering signalstyrke av forsterkarar i hovudnett
      • Oppgraderingsprosjekt
    • Serviceinformasjon som den enkelte abonnent har trong for,  vert lagt ut på vår heimeside kontinuerleg som nyhende eller driftsmeldingar
  • FEILMELDING:
    • Feilmelding kan skje via e-post eller telefon til AKTV. Før ein melder inn feil,  er det spesielt viktig at den enkelte abonnent undersøker om feilen skuldast abonnenten sitt eige utstyr eller koblingar som den enkelte har etablert i eigen regi. Vi registrerer stadig at feil hjå abonnent ligg utanfor AKTV sitt ansvarsområde og vi ber difor om at den enkelte abonnent tek ein enkel sjekk av sitt anlegg iht. vedlagte sjekkliste
    • Feil i hovudnett eller i sentral vert lagt ut på vår heimeside kontinuerleg under driftsmeldingar
  • FEILRETTING:
    • Feilretting vert utført av AKTV når abonnent har undersøkt at feil ikkje skuldast noko av abonnenten sitt eige utstyr og at abonnent har utført kontroll iht. sjekkliste
    • AKTV sitt ansvar innafor feilretting er fram til og med hovudkontakt. Signalstyrken i hovudkontakt skal til ei kvar tid vere i samsvar med gjeldande tekniske forskrifter for dei ulike nettnivå, og i samsvar med forskrifter som gjeld vidaresending av lovleg kringkasting i kabelnett. Feilretting vert utført tidlegast første yrkesdag etter at feilmelding er motteken. Ein viser elles til ”Salgs- og leveringsvilkår” og spesielt punkt 4 og 13.
    • Sjekkliste feilretting for abonnent
    • Salgs og leveringsvilkår